Fagne leverer straumen etter nyttår

I over hundre år har Haugaland Kraft Nett frakta straum til innbyggjarane, lokalsamfunna og næringslivet i regionen vår. Kvar einaste dag, kvar time og kvart sekund sørgjer me for at straumen kjem fram til deg – også når det stormar som verst.

Dette viktige samfunnsoppdraget skal nettselskapet stå last og brast ved i all overskodeleg framtid, men etter nyttår vil det skje under eit nytt namn: Fagne.

Meir om bakgrunnen for namneskiftet straks, men først: kva betyr Fagne?

Fagne [fa:`gnə] kjem frå norrønt “fagna”, som betyr «å helsa, ta imot, gleda, ynskja velkommen, hylla, prisa». Namnet er ein honnør til regionen vår si norrøne historie og speglar ei venleg bedrift som helsar den fornybare framtida varmt velkomen.

Namnet Fagne symboliserer at me set samfunnsoppdraget vårt høgt og står last og brast ved det: me sørgjer for at straumen kjem fram til deg – alltid. Samstundes helsar me den fornybare framtida velkomen og har kompetansen og viljen til å endra oss i takt med tida

Kva betyr namneendringa for deg?

Det er styresmaktene som  har bestemt at nettselskap ikkje lenger får dela namn med mor- og systerselskap i same konsern. Føremålet med namneendringa er å tydeliggjera skiljet mellom nettselskapet si monopolverksemd og kommersiell verksemd, som sal av straum og fiber. Dette er til kundane sitt beste, og underbyggjer nettselskapet sin nøytralitet i samarbeid med ulike straum- og telekomselskap. Fristen for å ha på plass nytt namn er 1. januar 2022.

Som ein del av Haugaland Kraft-konsernet, må altså Haugaland Kraft Nett døypast om. Morselskapet, straumselskapet og fiberselskapet vil framleis heita høvesvis Haugaland Kraft, Haugaland Kraft Energi og Haugaland Kraft Fiber.

I praksis blir du som nettkunde i liten grad påverka av namneskiftet. Dei største forandringane er at du vil få eit kundeforhold hos Fagne. Fagne vil framleis vera eit fulleigd dotterselskap i konsernet, men alle tenester og informasjon relatert til straumnettet blir frå årsskiftet å finna på Fagne.no.

Framover vil du også sjå at Fagne-namnet i aukande grad prydar nettselskapet sine bilar, bygg, stasjonar og arbeidsklede. Omprofileringa skjer gradvis, både for å halda kostnadene i samband med namneendringa så låge som mogleg, og med omsyn til berekraft. Me skal til dømes gjenbruka materiell så langt det er mogleg.

112 år gamle røter

I dag forsyner straumnettet vårt om lag 90.000 kundar i 14 kommunar med lys og varme. I kilometer er nettet i regionen lenger enn alle riksvegane i heile Noreg til saman. Det utgjer sjølve fundamentet i eit moderne samfunn og i ein sterk og attraktiv region.

Namnet Haugaland Kraft Nett oppstod i 2016, då Haugaland Kraft blei organisert som eit konsern og nettverksemda skilt ut i eit eige dotterselskap. Men nettselskapet har 112 år gamle røter som går heilt tilbake til det som blir rekna som Haugaland Kraft sin fødselsdag – 10. januar 1909. Då hadde Haugesund nettopp fått elektrisk gatelys og sin første kraftstasjon med forsyning frå Eivindsvatnet.

I 1998 fusjonerte Haugesund Energi med Karmsund Kraftlag og blei til Haugaland Kraft. Over 20 år etterpå er det framleis mange som talar om oss som «kraftlaget». Sjølv om Haugaland Kraft Nett no skiftar namn, er me framleis det lokale nettselskapet som har vore her i over hundre år.

Elektrifisering legg press på straumnettet

Men tidene forandrar seg. Samfunnet står no midt oppi eit grønt skifte, der nettselskapa er ein viktig premissleverandør og må henga med i svingane. Den pågåande elektrifiseringa av personbilar, tungtransport, industri og landbruk legg stadig større press på straumnettet som samfunnskritisk infrastruktur. Som nettkunde skal du ha tillit til at me som nettselskap er i stand til å takla dei store utfordringane som klimaendringane og klimatiltaka medfører for vår bransje.

Namnet Fagne symboliserer at me set samfunnsoppdraget vårt høgt og står last og brast ved det: me sørgjer for at straumen kjem fram til deg – alltid. Samstundes helsar me den fornybare framtida velkomen og har kompetansen og viljen til å endra oss i takt med tida.

Saman skal me fagna framtida.

Av:
Olav Linga, konsjernsjef Haugaland Kraft AS
Magne G. Bratland, direktør Haugaland Kraft Nett

Siste nyheter

  • Kristoffer Vannes

    Kristoffer Vannes ansatt som direktør i Fagne AS

    Kristoffer Vannes som frem til i dag har vært konstituert direktør i nettselskapet Fagne AS, er nå fast ansatt i stillingen.

    Les mer
  • Nå starter trinn to for nettselskapets største linjeryddingsprosjekt

    I fjor begynte Fagne med en omfattende skogrydding langs 850 kilometer med høyspenningslinjer i en rekke kommuner i vår region. Arbeidet påvirker flere tusen grunneiere, men er viktig for å sikre strømforsyningen og el-sikkerheten. Nå starter trinn to av prosjektet.

    Les mer
  • Nå endres strømstøtten

    Fra og med 1. september er det timeprisen på strøm som avgjør hvor mye du får i strømstøtte. Strømstøtten slår inn når timeprisen overstiger 70 øre per kWh for strømforbruk inntil 5 000 kWh per måned. Støttegraden vil fortsatt være på 90 prosent. Ordningen gjelder ut 2024.  

    Les mer
Se alle nyheter