Fagne bygger ny kraftlinje i Vindafjord og Tysvær. Traseen passerer Vatnedalsvatnet i Vindafjord.

Ny kraftlinje blir viktig for Haugalandet

I januar startar arbeidet med å byggja ei ny 36 kilometer lang kraftlinje i Vindafjord og Tysvær. Linja skal styrkja forsyningstryggleiken til Haugalandet på lang sikt.

Haugalandet er ein region i kraftig vekst og straumforbruket i Nord-Rogaland er venta å auka markant fram mot 2040, som følgjer av ny industri og elektrifisering. Utskifting og forsterking av linja som går mellom Ølen-Våg-Bratthammar i Vindafjord og Tysvær er viktig for å ivareta forsyningstryggleiken på lang sikt.

I januar 2023 begynner det omfattande arbeidet med å skifta ut dei to eksisterande 66 kV linjene på denne strekninga. Dagens linjer blei sette i drift på 1950-talet og er teknisk utdaterte. No blir dei erstatta me ei ny 132 kV kraftleidning. Den nye linja skal i all hovudsak gå langs eksisterande trasé frå Ølen transformatorstasjon i Vindafjord via Våg transformatorstasjon til Bratthammar i Tysvær og koplast saman med eksisterande linjer vidare mot Spanne transformatorstasjon (sjå kart med oversikt over linjetrasé under – klikk på kartet for større versjon).

Kartet viser ny (blå linje) og gamal (grøn linje) trasé for kraftlinja frå Ølen via Våg til Bratthammar. Klikk på kartet for å forstørra.

Arbeidet med å skifta ut linjene startar i Ølen i januar 2023 og skal etter planen ferdigstillast i juni 2027. Prosjektet er viktig for å styrkja forsyningssikkerheita i området. Det er også naudsynt for å auka overføringskapasiteten på strekninga, blant anna grunna tilkopling av ny kraftproduksjon i Litledalen i Etne.

– Teknisk sett er dagens linjer mogne for utskifting og krev mykje vedlikehald. I tillegg er det naudsynt med forsterkingar på linjenettet for å få ut krafta frå det nye kraftanlegget som Sunnhordland kraftlag (SKL) byggjer i Litledalen og annan framtidig ny kraftproduksjon, fortel prosjektleiar i Fagne, Robert Rogge.

Utfordrande arbeid

– Me skal rydda opp etter oss og strekkja oss langt for å ta omsyn til omgjevnadene, seier Robert Rogge. Han er prosjektleiar for bygginga av den nye kraftlinja

Det er entreprenøren Kraftmontasje AS som skal stå for sjølve utføringa av arbeidet. I tillegg til at to leidningar blir til ei, vil talet på master bli redusert frå 437 til 141. Entreprenøren skal både demontera og frakta vekk dei eksisterande mastene og setja opp nye og meir robuste master og liner.

Då dei gamle linjene blei oppførte på 50-talet, blei mykje av materiellet frakta inn med hest. Mange av anleggsvegane inn til mastene er smale traktorvegar som ikkje eignar seg for tyngre køyretøy.

– I mange av områda langs strekninga er det teknisk komplisert å byggja. I tillegg skal me riva ein masse master som står vanskeleg framkomeleg. Det er ulendt og bratthengt terreng, fortel prosjektleiar Rogge.

Frakting av stolpar inn og ut frå traseen vil difor i stor grad skje ved hjelp av helikopter. I anleggsperioden vil det kunne bli helikoptertrafikk dagleg, med unntak av søndagar og heilagdagar.

I tillegg vil linjetraseen bli prega av tungtrafikk og skogrydding i sjølve byggjefasen. Arbeidet vil i utgangspunktet ikkje vera til hinder for fri ferdsel, men Fagne oppmodar alle som bur i og brukar områda om å vera obs på skilting og ta omsyn til tungtrafikk og sikringssonar. Ved Eikelandstjørna i Vindafjord og ved Våg i Tysvær skal den nye traseen kryssa høvesvis E134 og E39, som er krevjande med omsyn til trafikkflyt og praktisk gjennomføring.

Omsynet til ålmenta er den største utfordringa i dette prosjektet, ifølgje prosjektleiaren.

– Det er ei lang strekning me skal jobba langs og arbeidet vil ta tid. Det vil beklagelegvis bli ein del støy og sjå mindre fint ut medan arbeidet pågår, men me skal rydda opp etter oss og strekkja oss langt for å ta omsyn til omgjevnadene, seier han.

Kraftlinjer ved Frønsdal i Ølensvåg
Dagens linjer blei oppførte på 1950-talet, og er teknisk utdaterte. Biletet viser ei av linjene som skal rivast i Frønsdal, Ølensvåg.

Omsyn til jordbruk og friluftsliv

Over 300 grunneigarar blir direkte påverka av arbeidet og mange av desse er bønder. Fagne har i løpet av planeggingsfasen vore i dialog med aktuelle grunneigarar, kommunar og regionale styresmakter. Etter innspel har traseen blitt justert fleire stader, mellom anna for å skåna naturbeitemark, myrområde og for å gjera linja mindre synleg i terrenget. Grunna færre mastepunkt vil det bli frigjort areal både på innmarksbeite og på dyrka mark. Grunneigarane vil fortløpande bli kontakta av entreprenøren når arbeidet nærmar seg deira eigedom.

Traseen passerer gjennom fleire område som er viktige for friluftsliv, med turstiar og utfartsparkering. Mange av områda blir flittig nytta av lokalbefolkninga. Langs traseen er det særleg to turområde som er populære: Skjold – Holmavatn og Alvanuten – Valhest. Turområda vil bli påverka i anleggsperioden, men Fagne ønskjer å minimera ulempane for turgåarar og andre friluftsutøvarar. Målet er å halda områda så attraktive som råd medan bygginga pågår. Entreprenøren pliktar å sikra trygg og sikker ferdsel på etablerte turstiar forbi anleggsområda.

På lang sikt vil færre master og leidningar vera positivt for landskapet og turopplevinga i mange av områda, ifølgje ein fagrapport av Norconsult. Bygginga av ny regionalnettleidning vil i liten grad medføra konflikt med friluftslivet, konkluderer rapporten.

Kraftlinja vil passera gjennom fleire område som er viktige for friluftsliv. Anleggsarbeidet vil i utgangspunktet ikkje vera til hinder for fri ferdsel, men ver obs på skilting og sikringssonar.

Kystlynghei og hubro

Den nye kraftleidninga skal, i likskap med eksisterande linjer, gå gjennom område med kystlynghei, som er definert som utvald naturtype i Naturmangfaldlova. Dette gjeld områda Krosshaug-Såt-Krokavassnuten og Valhest-Kiggjafjellet i Tysvær. Den nye leidninga vil ikkje ha vesentlege negative konsekvensar for kystlynghei, ifølge NVE som har vurdert konsekvensane av prosjektet for sårbar natur langs strekninga.

– Rydding i kystlynghei-områda er ikkje naudsynt, då den nye leidninga skal gå langs dagens trasé. Me skal likevel vera ekstra varsame når me beveger oss i kystlynghei. Styresmaktene stiller krav om opprydding og istandsetting av områda me jobbar i, og dette skal me sjølvsagt passa på, seier prosjektleiar Rogge i Fagne.

Det er også gjort grundige vurderingar og tiltak når det gjeld prosjektet sin påverknad på drikkevatn, vassdrag, hekkande hubro, kulturminne, spreiing av framande artar m.m. Du kan lesa meir om dette i Miljø-, transport- og anleggsplanen (MTA). Planen er godkjend av NVE og skal sikra at miljøkrav og føringar i lovar og forskrifter blir ivaretekne i anleggs- og driftsfasen.

Fakta om prosjektet
Fagne startar i 2023 arbeidet med å byggja ny 132 kV kraftlinje frå Ølen via Våg i Vindafjord til Bratthammar i Tysvær. Linja blir totalt 36 kilometer lang.
Dei to eksisterande 66 kV linjene på strekninga skal rivast. To leidningar blir til ei, og talet på master blir redusert frå 437 til 141.
Utskifting og forsterking av linja vil gi betre forsyningssikkerheit og overføringskapasitet.
Prosjektet har oppstart i Ølen i januar 2023 og skal etter planen avsluttast i juni 2027.

Kontakt

Har du spørsmål om prosjektet? Ta gjerne kontakt:

Prosjektleiar: Robert Rogge robert.rogge@hkraft.no

Grunneigarkontakt: Arvid Kåre Seldal arvid.kare.seldal@fagne.no

Kart og lenkjer

Oversiktskart som viser ny linjetrasé og dagens trasé

Konsesjonssak Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)